Landbrukstakst

Taksering av eigedomar med jord-, skog-, utmarksareal, jakt- og fallrettar, inneber å setje verdi på eigedomen i samband med til dømes eigarskifte, generasjonsskifte, sal, kjøp, finansiering, skifte, odelsskjønn og ekspropriasjon.

Med fagleg tyngde, erfaring, kompetanse, habilitet og lokalkunnskap gir vi deg som kunde ei trygg vurdering av verdiane på din eigedom. OSE har sertifiserte landbrukstakstmenn (Norsk takst) som kjenner gjeldande lover og reglar. Dei samarbeider tett med våre andre tilsette, som har kompetanse innan fagfelt som byggteknikk, planlegging, prosjektering, jordfag, taksering, byggesak og  prosjektstyring.

Våre landbrukstakstmenn har agronom-, sivilingeniør-, sivilagronom-, jordskifte-, ingeniør-, agronom-, jord -og skogutdanning og praksis.