Næringstakst

OSE har sertifiserte takstmenn i Norsk takst, med tilleggsutdanning og kunnskap om ulike metodar for verdsetting og taksering av næringseigedomar. Taksten baserer seg m.a. på kontantstrømsanalyse, samanliknande salsverdier, avkastingskrav, tekniske verdiar, leigekontraktar og vurderingar av marknadsleige.

Ved verditaksering av næringseigedom er det normalt leigeinntektene som blir lagt til grunn, med kommentar og vurdering i ein endeleg takstrapport. Takstmannen vurderer det generelle leigenivået for næringseigedomar i dei aktuelle bransjane og det geografiske området og tek i tillegg omsyn til eigedomen sine andre kvalitetar.

Førehandstakst på næringseigedom blir utført etter same prinsipp som ein verditakst, men vurderingane blir gjort på grunnlag av planar, teikningar og teknisk informasjon.

I tillegg til kompetansen på næringstaksering har takstmennene nært samarbeid med våre andre tilsette med kompetanse og erfaring m.a. innan byggteknikk, prosjektstyring og arealplanlegging.