Verditakst bolig

Taksering av fast eigedom handlar om verdsetting av m.a. tomter, bygningar og opparbeidd anlegg i samband med kjøp og sal, finansiering, tilstands- og skadevurdering.

Kompetanse, erfaring og habilitet er viktige eigenskapar for takstmenn. Formell fagutdanning, kontinuerlig etterutdanning og sertifisering gir høg grad av kompetanse. Våre 7 takstmenn har sivilingeniør-, ingeniør-, teknikar- og byggmeister-utdanning, og er sertifisert av Norsk Takst (tidlegare NTF). Dette gir kundane våre trygg vurdering av verdiane deira innan fast eigedom.

I tillegg til kompetansen på taksering har takstmennene nært samarbeid med våre andre tilsette med kompetanse og erfaring på byggteknikk, prosjektstyring og arealplanlegging.