Tråkk i veg – medverknadsreiskap i planlegging

Barnetråkk
Som eit reiskap for å sikre medverknad frå barn og unge i planprosessar, er det utvikla eit digitalt verktøy og undervisningsopplegg kalt barnetråkk. Gjennom barnetråkk er det enklare for barn å fortelje planleggarar, kommunen og lokalpolitikarar korleis dei nyttar staden dei bur på, og kva dei vil ha annleis. Barnetråkkmetodikken er utvikla av fylkesplanleggar Eva Almhjell tilbake i 1993, som tok utgangspunkt i kart som viste dyretråkk. Desse karta blei aktivt brukt i samband med arealplanlegging i fleire kommunar. Sidan då har metodikken blitt vidareutvikla, og i 2006 blei metoden digitalisert. Til no har heile 178 kommunar gjennomført Barnetråkk. Du kan sjekke her om din kommune er ein av desse.

Folketråkk
Inspirert av Barnetråkk har DOGA (Design og arkitektur Norge) tatt initiativ til å skape eit digitalt verktøy som kan nyttast av alle grupper i samfunnet, kalt Folketråkk. Målet med Folketråkk er å ha ein digital rettleiar som skal hjelpe kommunar, utbyggjarar og planleggarar til å gjennomføre medverknad meir treffsikkert etter plan- og bygningslova, samt å gi verdi til den lokale samfunnsutviklinga. Første modul i den nasjonale Folketråkk-plattformen lanserast fyrstkommande fredag hjå DOGA sine lokaler i Oslo.