Treng du ein ansvarleg søkar i di byggesak?

Skal du i gang med eit byggeprosjekt og er usikker på korleis du går fram? Plan- og bygningslova og byggesaksforskrifta stiller krav til alle byggearbeid og om du må søke for å bygge på eigedomen din.

Som tiltakshavar er du ansvarleg for at byggearbeidet har rett kvalitet og er i samsvar med plan. Med OSE som ansvarleg søkar, kan vi påsjå at alle krav blir teke hand om og at din byggesøknad blir oversiktleg og inneheld nødvendige opplysningar, slik at kommunen kan behandle saka.

I brosjyren om byggesak finn du informasjon og gode råd om korleis du bør gå fram når du skal bygge på eigedomen din. Klikk på bilete under for å lese.

Les meir om byggesak og kontakt våre rådgivarar om ditt prosjekt