Uavhengig kontroll – langt mot nord!

OSE har inngått kontrakt med Marine Harvest Norway AS!
OSE skal utføre uavhengig kontroll (UK) på to ulike prosjekt. Det eine er ei kai i Fjæra i Hordaland, og det andre prosjektet tek OSE med på ein reise nordover til Skjervøy kommune, midt mellom Tromsø og Hammerfest. Til eit settefiskanlegg som ligg i flotte Sandøra, og her skal OSE utføre UK av prosjektering og utførelse av eit settefiskanlegg med bebygd areal i underkant av 7500 m2.

Kva er uavhengig kontroll?
Den uavhengige kontrollen skal sikra at det er gjennomført kvalitetssikring av byggearbeidet, at prosjekteringa av tiltaket oppfyller krava i byggteknisk forskrift (TEK10) og at byggearbeida er utført i samsvar med teikningar og arbeidsbeskrivelsar. Hensikta med reglane er å bidra til at det vert bygd med riktig kvalitet og å redusere byggfeil. Kontrollen er innført på områder som har betydning for liv, helse og tryggleik og kor konsekvensane av feil er alvorlege.