Uavhengig kontroll – Osland settefiskanlegg

OSE har gjennomført uavhengig kontroll for deler av utbygginga av Osland Settefiskanlegg. Her var vi med på å sikre ei god og sikker løysing for utbyggar, gjennom ein effektiv og systematisk kontroll.

Uavhengig kontroll skal sjå til at det er gjennomført kvalitetssikring av byggearbeida, og at prosjektering og utføringa er i samsvar med gjeldande regelverk. Kort forklart – OSE er med på å sikre at det byggast med rett kvalitet i dette prosjektet!