Slik unngår du frostskadar i vinter

Vi har eit nydeleg vintervêr i regionen, med tosifra minusgrader fleire stader. Langtidsmeldingane fortel oss at det skal vare ei god stund til og med vinterferien like rundt hjørnet, er det fleire som reiser på hytta eller fritidsbustaden.

Vinter og kulde er ikkje bere skigåing og naglebit, det kan også føre til vasslekkasjar som følgje av frostsprengte vassrøyr. Er du føre var, kan du enkelt førebygge slike skadar.

Opplever du skade som følgje av frostsprengte vassrøyr, kan det få konsekvensar for forsikringsutbetalinga di, dersom huset/fritidsbustaden ikkje er godt nok sikra mot frostskadar. Kuldegradene smyg seg inn i ventilar, utettheiter, kjellarar og andre stadar der det er vassrøyr. Slike skadar skjer gjerne når ein gløymer å stenge stoppekrana, skrur varmen ned eller heilt av.

Sørg for nok varme!

Lokale røyrleggarar melder om stor pågang for tining av frosne røyr i området og OSE vil gjerne dele nokre tips som enkelt kan førebygge skade på hus og heim. Det viktige stikkordet her er nok varme!

  • Sørg for tilstrekkeleg oppvarming av huset. Minimum 10-12 grader i alle rom med vassrøyr/vassinstallasjon.
  • Sørg for å bruke vasskranene for å få sirkulasjon i røra, både varmt og kaldt vatn.
  • Kople frå hageslange og steng utekran.
  • Sjå til at røyr i rom utan oppvarming (til dømes loft, kjellar o.l.) er tilstrekkeleg isolert.
  • Steng hovedstoppekrana og tøm røyra for vatn i ubebudde hus, eller når du er på ferie.
  • Har du fritidsbustad? Her må hovedstoppekran vere stengt og evt. eiga vasspumpe vere avslått. Innvendige vassleidningar og sanitærutstyr skal ved behov vere nedtappa for å unngå frostskadar.

Når uhellet er ute

Høyrer du suselyd når kranene ikkje er i bruk, er det eit teikn på lekkasje. Då må du stenge stoppekrana og kontakte røyrleggar. Er skaden allereie skjedd, eller du får beskjed om at kostnaden kan bli høgare enn eigenandelen i forsikringa, bør du kontakte forsikringsselskapet ditt snarast råd.

OSE ønskjer deg ein fin og problemfri vinter!

Har du spørsmål? Kontakt oss