Varsel om oppstart detaljplan Hyttefelt Nøre Sulafjellet

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av privat detaljregulering for del av eigedomen gnr./bnr. 94/441 m.fl. i Sula kommune. 

Sameiget Nøre Sulafjellet er forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

LOKALISERING
Planområdet ligg ved Molværsvatnet på Sulafjellet, om lag 2,2 km sør for Langevåg sentrum som svarttrostane flyg. 

PLANOMRÅDET
Planområdet består tre skilde område på eigedomen gnr./bnr. 94/441, og er på til saman om lag 348 daa. Innanfor planområdet er det 32 festepunkt (29 eksisterande og 3 som ikkje er bygd ut). Både Von-hytta og Rødekorshytta ligg innanfor planområdet. Det er opparbeidd god tursti frå blant anna Vassetvatnet.

GJELDANDE AREALPLAN
I arealdelen for Sula kommune har planområde formål fritidsbustad. Planområdet er ikkje regulert, og det er gjeve dispensasjonar for å kunne byggje nye hytter innafor planområdet. 

MÅL MED PLANARBEIDET
Målsetjing med planarbeidet er å:
• Regulere eksisterande festepunkt
• Regulere inn nye hyttetomter
• Regulere eksisterande turveg

Det vart halde oppstartsmøte med Sula kommune 17.02.2019. 

KONSEKVENSUTGREIING
Etter ei samla vurdering vil ikkje planarbeidet for hyttefelt på Nøre Sulafjellet utløyse krav om konsekvensutgreiing eller planprogram. Dette er i samsvar med Sula kommune si vurdering av tiltaket i oppstartsmøtet.

Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast på e-post: firmapost@oseing.no

eller post til:

OSE ingeniørkontor as
Vikegata 19 A,
6150 Ørsta

Frist for merknadar vert sett til 03.05.20109. Merk fråsegn med P1546.

Saksdokument:

Detaljplan Hyttefelt Nøre Sulafjellet, del av gnr._bnr. 94_441 -plangrense_gråtone_2019.03.21
Detaljplan Hyttefelt Nøre Sulafjellet, del av gnr._bnr. 94_441 – plangrense_kart_2019.03.21
Detaljplan Hyttefelt Nøre Sulafjellet, del av gnr._bnr. 94_441 – plangrense_kart-II_2019.03.21
Detaljplan Hyttefelt Nøre Sulafjellet, del av gnr._bnr. 94_441 – plangrense_komplan_2019.03.21_
Detaljplan Hyttefelt Nøre Sulafjellet, del av gnr._bnr. 94_441 – plangrense_ortofoto_2019.03.21
Detaljplan Hyttefelt Nøre Sulafjellet, del av gnr._bnr. 94_441 – plangrense_oversikt_2019.03.21
Detaljplan Hyttefelt Nøre Sulafjellet, del av gnr._bnr. 94_441 – varsel oppstart av planarbeid_2019.04.01
Referat oppstartsmøte