Varsel om oppstart detaljplan ny barnehage Godøy

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av privat detaljregulering for eigedomane gnr./bnr. 124/55 og 378 m. fl. på Godøya i Giske kommune.

NLM-barnehagene AS Avd. Tryggheim Barnehage, Godøy er forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

LOKALISERING
Planområdet er to områder på Godøya, eksisterande barnehage på Valkvæ (gnr./bnr. 124/378) og tomt for ny barnehage ved Godøy stadion (gnr./bnr. 124/55).

PLANOMRÅDET
Planavgrensing ny barnehage/bustad, Godøy stadion
• Plangrensa følgjer eigedomsgrense til gnr./bnr. 124/55, med nordleg del av
gnr./bnr. 124/248.
• Arealet er på omlag 9,4 daa.

Planavgrensing gamle Tryggheim barnehage
• Plangrensa følgjer eigedomsgrense til gnr./bnr. 124/378, 517, 562 og 563.
• Arealet er på omlag 4,3 daa.

PLANSTATUS
Overordna plan
I arealdelen for Giske kommune har planområde for bnr. 378 m. fl.(Tryggheim barnehage) formål offentleg eller privat tenesteyting og for bnr. 55 (Ny barnehage) er det formål idrett og kombinasjonsformål bustad og privat eller offentleg tenesteyting.

Regulering
Planområdet er delvis regulert. Bnr. 378 m. fl. (Tryggheim barnehage) er regulert til allmennyttig formål, barnehage. Bnr. 55 (Ny barnehage) er regulert til frittliggande småhus.

Dispensasjon
Det er ikkje dispensasjonar knytt til arealbruken for planområda.

MÅL MED PLANARBEIDET
Målsetjing med planen er å leggje til rette for:
• Ny barnehage med 6 avdelingar/eventuelt bustadar ved Godøy stadion
• Regulere inn felles parkering med Godøy IL
• Omregulere dagens barnehage (gnr./bnr. 124/378 m. fl.) til bustadar; konsentrert
småhus
• Sikre trygg tilkomst

OPPSTARTSMØTE MED KOMMUNEN
Det vart halde oppstartsmøte med kommunen 19.03.2019.

KONSEKVENSUTGREIING
Etter ei samla vurdering blir det vurdert at planarbeidet for detaljplan Ny barnehage Godøy ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram. Det er i samsvar med konklusjonen til Giske kommune.

Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast på e-post til : firmapost@oseing.no

eller post til:

OSE AS
Vikegata 19 A,
6150 Ørsta

Frist for merknadar vert sett til 05.07.2019. Merk fråsegn med P1545.

SAKSDOKUMENT: