Varsel om oppstart detaljplan BKB3 Volda kommune

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av privat detaljregulering for del av eigedomen gnr./bnr. 19/10 m. fl. i Volda kommune.

Asko Eigedom AS er forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

LOKALISERING
Planområdet ligg på Røysmyrane, søraust for rundkjøring mellom E39 (Elvegata/Austefjordvegen) og fylkesveg 45 (Vikebygdvegen).

PLANOMRÅDET
Planområdet består av eigedomane gnr./bnr. 19/10, 211, 229, 252, 325, 611 og 20/14, og er på om lag 16 daa. Planområdet er nytta til næring og bustadar i dag.

PLANSTATUS
I kommunedelplan E39 Volda Furene har planområde formål forretning, bustad og næringsområde der det er opna for idrettsføremål.

Gjeldande reguleringsplan for området er områdeplan E39 Volda – Furene, vedteke 31.05.2018. Planområdet er regulert til bustad, forretning og kontor, i kombinasjonsformål BKB3.

MÅL MED PLANARBEIDET
Målsetjing med planarbeidet er å leggje til rette for:
• Forretning
• Næring
• Offentleg eller privat tenesteyting
• Bustad – blanding av studentbustader og 2-3 roms leilegheiter
• Leikeareal

Det vart halde oppstartsmøte med kommunen 14.11.2018.

Oppstart av planarbeid vart handsama politisk 22.01.2019 i formannskapet, vedtak og saksutgreiing ligg som vedlegg på denne sida, sjå saksdokument under.

KONSEKVENSUTGREIING
Etter ei samla vurdering blir det vurdert at planarbeidet for detaljplan BKB3 innanfor områdeplan E39 Volda – Furene ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram. Dette er i samsvar med Volda kommune si vurdering av tiltaket i oppstartsmøte.

Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast på e-post til : firmapost@oseing.no

eller post til:

OSE AS
Vikegata 19 A,
6150 Ørsta

Frist for merknadar vert sett til 07.06.2019. Merk fråsegn med P1544.

SAKSDOKUMENT: