Varsel om oppstart regulering, Åsegotene næringsområde

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, blir det med dette varsla oppstart av privat regulering for detaljregulering Åsegotene næringsområde i Åmdalen. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet.

Tussa Kraft AS står som forslagsstillar og OSE står for planarbeidet.

PLANOMRÅDET
Det aktuelle området ligg på gnr. 42, bnr. 12 m. fl, og femner om eit areal på 9 daa.

MÅL MED PLANARBEID
Formålet med planarbeidet er å:

  • Leggje til rette for næringsutvikling
  • Leggje til rette for arbeidsovernatting
  • Sikre areal langs elva

Det vart halde oppstartsmøte med Ørsta kommune 30.11.2018.

KONSEKVENSUTGREIING
Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om arbeidet kan ein få ved å vede seg til OSE tlf. 974 89 987, eller e-post: bjarte@oseing.no. Saksdokument fylgjer under.

Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast på e-post til firmapost@oseing.no, eller post til:

OSE ingeniørkontor as
Vikegata 19 A,
6150 Ørsta

Frist for merknadar vert sett til 04.01.2019. Merk fråsegn med P1536

SAKSDOKUMENT:

Detaljplan Åsegotene næringsområde – planinitiativ_2018.11.21

Detaljplanregulering Åsegotene næringsområde – referat oppstartsmøte 30.11.2018

Detaljregegulering Åsegotene næringsområde – varsel om oppstart av planarbeid_2018.12.06_

Detaljregulering Åsegotene næringsområde – oversiktskart_2018.12.03

Detaljregulering Åsegotene næringsområde – plangrense – fargekart_2018.12

Detaljregulering Åsegotene næringsområde – plangrense – flyfoto_2018.12.03

Detaljregulering Åsegotene næringsområde – plangrense – utsnitt arealdelen_2018.12

Detaljregulering Åsegotene næringsområde – plangrense_2018.12.03_