Varsel om oppstart regulering, Massetak Middagshaugen

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, blir det med dette varsla oppstart av privat regulering for Massetak Middagshaugen aust for Almenningfjellet. Planid: 201807. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet.

Kvernevik AS står som forslagsstillar og OSE står for planarbeidet

PLANOMRÅDET
Det aktuelle området ligg på gnr. 93, bnr. 1 m. fl., og femner om eit areal på 82 daa.

MÅL MED PLANARBEID
Formålet med planarbeidet er å regulere til:

  • Masseuttak
  • Massedeponi
  • Go-cart bane

 Det vart halde oppstartsmøte med Vågsøy kommune 05.12.2018

KONSEKVENSUTGREIING
Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

ORIENTERING
 Orientering om arbeidet kan ein få ved å vende seg til OSE tlf. 974 89 987, eller e-post: bjarte@oseing.no. Saksdokument fylgjer under.

Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast på e-post til firmapost@oseing.no, eller post til:

OSE ingeniørkontor as
Vikegata 19 A,
6150 Ørsta

Frist for merknadar vert sett til 11.01.2019. Merk fråsegn med P1531

SAKSDOKUMENT: