Varsel om oppstart regulering, Rorbuområde Tandstadfjørå

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, blir det med dette varsla igangsetjing av privat detaljregulering for delar av eigedommane gnr./bnr. 21/1,3 og 29-33, Tandstadfjørå i Sykkylven kommune. Planid: 15282018004. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet.

Eldar Tandstad og Kjetil Tandstad står som forslagsstillar og OSE står for planarbeidet

LOKALISERING
Planområdet ligg på vestsida av fylkesveg 60 ved Sykkylvsfjorden, i underkant av ein kilometer nord for Straumgjerde i Sykkylven kommune.

PLANOMRÅDET
Planområdet ligg på vestsida av fylkesveg 60 ved Sykkylvsfjorden, i underkant av ein kilometer nord for Straumgjerde i Sykkylven kommune.
Planområdet består av eigedomane gnr./bnr. 21/1,3, 29-33 og er på om lag 13 daa, og vil mest sannsynleg reduserast noko i storleik til offentleg ettersyn.

MÅL MED PLANARBEID
Formålet med planarbeidet er å regulere til:

  • Rorbu og naustområde
  • Avkjørsel til fylkesvegen etter gjeldande standard

 Det vart halde oppstartsmøte med Sykkylven kommune 23.11.2018

KONSEKVENSUTGREIING
Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

ORIENTERING
 Orientering om arbeidet kan ein få ved å vende seg til OSE tlf. 974 89 987, eller e-post: bjarte@oseing.no. Saksdokument fylgjer under.

Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast på e-post til firmapost@oseing.no, eller post til:

OSE ingeniørkontor as
Vikegata 19 A,
6150 Ørsta

Frist for merknadar vert sett til 18.01.2019. Merk fråsegn med P1541

SAKSDOKUMENT